Storafjellet

Publisert av: Stanghelle idrettslag
Annonse

Om turen

Stanghelle idrettslag har merka opp ti turløyper i fjellområda rundt Stanghelle for å gje bygdefolket gode turtilbod i nærområdet. På kvart turmål er det ei bok der ein kan registrera seg, og kvar 17. mai vert det trekt ut premiar til deltakarane.

Denne turen går til Storafjellet (641 m.o.h.) som gjev ein storslått utsikt til Stanghelle, Veafjorden og fjellområda. Turen startar på Hellestræ, og går på godt merka sti på østsida av Kalddalen heile vegen til topps. Når ein kjem opp til snaufjellet føl ein ryggen utover til varden lengst mot sør på Storafjellet. Boka ligg under ein flat stein ved varden.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Parkering langs vegen sør for jernbaneovergangen

Adkomst med offentlig transport

Buss til Helle sør, og gå ca 1 km til langs Hellevegen til Hellestræet. Tog til Stanghelle stasjon, gå ca 3 km via Brekkjen og Hellevegen til Hellestræet.
Annonse

Publisert av

Stanghelle idrettslag