Vesle-Hjerkinn, natur- og kultursti på Dovrefjell

Publisert av: Dovre Kommune

Vesle-Hjerkinn, natur- og kultursti på Dovrefjell

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    1,4 km
    1 time, 30 minutter
    Tur-retur
  • Sesong
    Jun - okt

Om turen:

Start ved P-plassen på Gautåsætre/Hageseter Turisthytte og følg pilegrimsleden som er merka med eigen logo. Det er eigne pilskilt til Vesle-Hjerkinn ved start og i stikryss. Turen er ca 3 kilometer fram og tilbake.

Vesle-Hjerkinn var ein fjellgard som gav ly til ferdafolk og fangstfolk frå 900-talet og fram til svartedauden i 1349. Det er gjort arkeologiske utgravingar på staden som fortel mykje om livet på garden. Her møttest fangstfolk, pilegrimar og andre reisande over Dovrefjell der underhaldninga ma. var forteljingar og myter. Vi kjenner framleis mange av historiene gjennom saga, eventyr og teater. På Vesle-Hjerkinn er det tufter etter seks hus. Det største var 10 x 20 meter og hadde tre eldstader. Ei tuft er delvis bygd opp att med golv, eldstader og nedre del av ytterveggane.

På turen er det informasjonspunkt der du kan få meir kunnskap om Vesle-Hjerkinn, villreinfangst og pilegrimsleden.

NB! Det rydda området rundt tuftene på Vesle-Hjerkinn er freda etter kulturminnelova. Bålbrenning, fjerning/flytting av steinar eller andre inngrep innanfor området må ikkje skje.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Startpunktet på Gautåsætre/Hageseter Turisthytte ligg i enden av ein seterveg som tar av frå E6 29 km nord/aust for Dombås for dei som kjem frå sør og 4 km sør for Hjerkinn for dei som kjem frå nord.