Fottur til Glitteregga

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 8,6 km
  • 4 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 784 høydemeter totalt
  • Sesong: Mar - okt

Fin utsiktstopp. Frå toppen av Glitteregga er det fin utsikt utover Hornindalsvatnet, og det er vanleg å gå hit både på ski/randonnée, truger og til fots. Toppen er den høgaste i tidlegare Eid kommune. Turen har mange startpunkt: Åland, Randastøylen, Holmøyvika. Om sommaren kan ein velje å gå frå Holmøyane. Der er skilta frå Vonlund grendahus, forbi Utigardssætra og vidare forbi Sonjahytta. Ein er kome omlag halvvegs, når ein passerer Sonjahytta. Om ein vil gå frå Rand, kan ein parkere ved Randastøylen. Dit er det bomveg + parkeringsavgift. Frå støylen er det fleire vegar å gå. Den enklaste er kanskje å følgje råsa langs elva oppover. Den går forbi ein stor stein med ein liten varde, før den kryssar neste elv. Råsa følgjer elva eit stykke på andre sida, før den går mot Holmøyskaret. For å kome til Glitteregga, kan ein følgje elva eit stykke, oppover Fagredalen (på sti). Vidare er det inga tydeleg rås, før ein møter merkesteinar når ein nærmar seg toppen.

Vinter; For å gå på ski til Glitteregga, er det vanlegaste å køyre til Ålandsleite og gå derifrå (obs: vegen vert ofte stengt på våren pga teleløysing). Frå Ålandsleite kan ein følgje ein skogsveg oppover, til ein nærmar seg skoggrensa. Når skogsvegen endar, held ein fram i same retning oppover, til ein kjem så høgt at det er enkelt og naturleg å krysse over til andre sida av elva. Toppen ligg slik til at ein ikkje ser den før ein er ganske nær.

På toppen ser du ned i Hornindalsvatnet, i tillegg kan du sjå fjelltoppar som Skåla, Eggenipa, Lodalskåpa og Honndalsrokken på ein flott dag.

Adkomst med egen bil

Frå Eid: Køyr til Lote sving av til venstre inn på Panoramavegen til Randabygda. Ta av til venstre, der det er skilta mot idrettsanlegg. Køyr eit kort stykke, ta av i første avkøyrsle til høgre, mot eit kvitt våningshus. Deretter er det 2,5 km på grusveg. Følg grusvegen til støylen. Ein kan parkere på ein parkeringsplass rett nedanfor Randastøylen. Hugs å ta med pengar til bomveg og parkering.

Annonse

on the path