Låkafoss - Ulvevoldsvatnet - Koladalen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 4,7 km
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 233 høydemeter totalt
  • Sesong: Mar - nov
Tursti til Ulvevold. (ca 300 m.o.h.)

Parkering:
Parker ved kalkingsannlegget ved Låkafossen, men det må vera plass igjen til tankbil. Parker eventuelt over brua borte ved vegkryss.

Avstand til målet:
Det er ca 1,8 km fram til Ulvevoldsvatnet og turen tar ca 2 timar tur/retur. Postkassen er plassert på den fine sandstranda der du fyrst kjem ned.

Vanskelighetsgrad: Grøn tur med fin traktorveg halve turen. Turen går så over i litt varierande terreng over bekker og myrar, så ha gode tette sko.

Om turen:
Frå Låkafossenfølger du skilta/raude pinnar inn på fin traktorveg. Eit stykke oppe i lia kjem du til Ole’s steinbu. Denne gamle stølsplassen har Ole Fatland restaurert fint opp og bevart gamle ting i husa. Eit av husa har namnet Moldhytta. Det vart mjølka kyr her før i tida?. Tar du til høgre her ved steinbuene kjem du fram til ein fin utsiktsplass. Kanskje det passar med ein matpause i dette området. Turen går vidare på fin traktorveg som går over i sti. Hullahålo er neste merka plass, kanskje kjem ei hulder fram?. Følg raude pinnar innover til skilt som
viser veg til Ilstveit/Imsland, kanskje ein rundtur. Men målet er rett fram til sandstranda ved vatnet. Eit anna alternativ er no rett nord og du kjem inn på sti til Koladalen, ein ny rundtur.

(Vindafjord Kommune)

Adkomst med egen bil

Frå Vikedal sentrum tek du av til Roaldkvam. Køyr rett fram også ved Ørnesbrua som du snart kjem til etter 3 km. Etter 7,2 km er du framme ved Låkafossen der turen startar, her står også infotavla.
Annonse