Prestavegen - frå Årdal gamle kyrkje til Eggjabø

Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 4,2 km
  • 2 t, 30 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 367 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

I eldre dagar var Prestavegen bindeleddet mellom dei to bygdene Årdal og Hjelmeland. Prestavegen var den lengste vegen i prestegjeldet. Vegen er i dag eit kulturminne som dessverre fleire stader er heilt borte. Frå Årdal gamle kyrke og opp til Ingvaldstad er derimot vegen ennå nokså godt synleg i terrenget.
Kirsten Ingvaldstad (1927-2007) samla i si tid interessante opplysingar om Prestavegen og historier knytt til denne.Dette kan du lesa i eit kopiert skriv som du finn i bakkane opp mot Eggjabø.
Med Årdal Bygdaråd i førarsetet vart eit strekke av Prestavegen på ca 2 km, frå Årdal gamle kyrkje til Riskedal, opparbeida til flott turvegstandard. Denne vegen vart opna i 2016. Resten av vegen har nok ikkje same fine standard, men er ganske grei å ferdast på. Likevel må ein nok kanskje seia at denne har større interesse som kulturhistorisk veg enn som tursti?
Følg same merka sti som "Riskedalsvatnet rundt". Men etter å ha gått ca 300 m på riksvegen, tek du av til høgre ved gardstunet på Riskedal, ca 100 m før brua. Stien kryssar deretter ei ekre nedanfor gardstunet Vodl og går nokså bratt oppover Riskedalsbakkane mot riksvegen.På riksvegen svingar du til høgre og går nedover denne ca 50 m før du tek av til venstre og går oppover mot Eggjabø.
Frå RV13 ved Riskedal og vidare oppover lia kan det i regnfulle periodar i sommarhalvåret vera høgt fuktig gras. Det kan derfor vera lurt å sko seg med tanke på det? Dermed kan ein kanskje sei at denne delen av Prestavegen vil vera meir attraktiv i vinterhalvåret?
.

Adkomst med egen bil

Kjem du i retning frå Tau kan du ta av til høgre frå RV13 ca 200 m etter Storå bru. Kjør deretter rett fram ca 2 km til du ser den raudmåla Årdal gamle kyrkje. Her startar Prestavegen. Du kan elles ta av frå RV13 ved Årdalstunet og kjøra på Kyrkjevegen ca 2 km opp til kryss med Sedbergsvegen, her svingar du til venstre bort til Årdal gamle kyrkje.
Annonse