Flatraksdalen rundt

Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 3,0 km
  • 1 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 143 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Hausten 2020 opna Flatraket IL den nye trimløypa rundt Flatraksdalen. Turen er ein fin tur, utan altfor mange høydemeter. Turen kan gås begge vegar, som rundtur, eller fram og tilbake.  Runda kan også brukast som utgangspunkt for alle toppane rundt Flatraksdalen (Synnevahornet, Alskartinden, Lynghaughornet og Gangeskaregga).

Start helst frå byggefeltet i aust (Fosselia) Her er det opparbeida parkeringsplass, og det er den enkleste veien (minst stigning). Ikkje parker på vegen framfor grinda. Vegen blir brukt bla som adkomst til Flatraket vassverk. Det står oversiktskart med trimløypa og andre turforslag ved starten av trimløypa.

Det er også mulig å starte turen fra Øvregardsbakkane. Her er det ikke opparbeida parkering. Det er ikke longt å gå frå butikken, og ein kan evt parkere ved skulen. Det står oversiktskart og skilt også i denne enden av trimløypa. Starten fra Øvregardsbakkane er forholdsvis bratt første stykket.

Du passerar fleire led på rundturen, lat alltid igjen disse etter deg. Det kan være sauer og geiter på beite i området.

På runda passerer du to postar i Fjelltrimmen til Flatraket Idrettslag. Dette er Torvhusa og Sætrekupene. Begge postene er merka med appen Georeg. Skriv deg gjerne inn i begge bøkene. Sjå www.flatraketil.no for meir informasjon om fjelltrimmen.

Regn ca ein time på turen, avhengig av kvar du startar og kva trase du velger.

Ved vassverket er det mulig å ta av mot Håkonshallen (sjå bilde), med stier videre mot bla Lynghaughornet og Synnevahornet. Innerst i dalen er det også mulig å ta av mot bla  Synnevahornet, Alskartinden eller Gangeskaregga.

Sjå mer informasjon under bildene.

Adkomst med egen bil

Turen gås helst som rundtur. Om ein kjem med bil kan ein parkere på parkeringsplassen i Fosselia, eller ved skulen. Ikkje parker framfor porten til skogsvegen, da vegen blir brukt som adkomst til vassverket.

Annonse