Oksen frå Tjoflot

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

OKSEN

Høgdemeter over havet: omlag 1241 m

Lengde: ca 4,5 km ein veg

Tid: 2,0 – 3,0 timer ein veg.

Gradering: Dette er ein kort, men tung tur.

Vegskildring: Turen går frå Tjoflot: Køyr fylkesveg 13 gjennom Vallaviktunnelen og ta av til høgre mot Djønno og Tjoflot rett etter tunnelen. Følg vegen heilt til endes og opptil gards ca. 17 km. Vegen går vidare til parkeringsplassen. (229 moh). Bompengar 50 kr. Det er skilta og merka raudt mot Oksen der turen startar. Du følgjer ein traktorveg i starten som går over til sti fram til Vindhovden/Tjoflotstølen som ligg på 586 moh. Stien er bratt, men tydeleg og det er omlag 2 km opp til støls. I det første krysset står det til Steinhytto mot høgre og stien til Oksen går rett fram. Ved Fjellbrune er det fint å ta bilete og ein pause. Det er eit flott utsiktspunkt som er godt rydda og ein ser fjorden og ferja mellom Kvanndal – Utne. Herifrå vert stien brattare og du kjem til eit kryss Orsteg der du kan gå til venstre for å komme til Hamre. Følg stien vidare oppover til Oksen. Når du kjem til støls opnar landskapet seg og du ser ut fjordane. Du kan og sjå ut Samlafjorden (ut Hardangerfjorden) mot sørvest, og her er det flott å ta ein pause før du begynner på Oksabrekkene.

Stien går jamt bratt oppover før dei berykta Oksabrekkene setter inn ved den første høge varden. No vert det særs bratt . Du går langs ryggen av fjellet oppover og har fantastisk fin utsikt heile vegen ned mot fjorden. Ved enden av Oksabrekkene møter du på stålstolpar som er sett nedi, og no skal du gå meir mot venstre og inn i ura. Følg retninga som pila viser. Dette er den siste brekka før du kjem opp på snaufjellet og går siste stykket til topps. Du kan følgje desse stolpane omtrent heilt opp til varden. Men følg merkinga. Turboka ligg turkassa. Du kan og gå heilt fram til Veten, den gamle hovudvarden for Indre Hardanger. Frå Oksen har du fleire alternativ til vidare turar.

Turtips 1: Gå raudmerka løype ned mot Hamre. Då kan du gå du via Seljenuten eller den gamle Buførevegen, som begge har ei fantastisk utsikt ut fjorden.

Turtips 2: Gå raudmerka løype ned til Granvin via Bjørndalen. Då kjem du ned i byggjefeltet på Røynstrand i Granvin. Kjempeflott tur !

Turtips 3: Gå merka løype (raud) ned Fremsdalsbotn og ned til Selstad. Då kjem du ned på Hamrevegen, og det er omlag 3 km inn til Granvin på grusveg. Ein veldig flott tur!

Turtips 4: Gå raudmerka løype ned til Djønno. Då går du via Oksatjernet og ned Gadlsbrekko før du kjem ned i skogsvegen på Djønno. Dette er ein fantastisk tur der fjorden opnar seg innover heile vegen ned.

Turtips 5: Gå raudmerka løype heilt fram til Ingebjørgnuten 1210 moh. Gå vidare ned mot Stokksel. Du kjem ned via Nonfjellhytta og ned til parkeringa på Stokksel. Utruleg flott tur!

(Sjå eigne turskildringar for desse turane på www.granvin-turlag.no)GOD TUR!Granvin Turlag

Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Turen går frå Tjoflot: Køyr fylkesveg 13 gjennom Vallaviktunnelen og ta av til høgre mot Djønno og Tjoflot rett etter tunnelen. Følg vegen heilt til endes og opptil gards ca. 17 km. Vegen går vidare til parkeringsplassen. (229 moh). Bompengar 50 kr. Det er skilta og merka raudt mot Oksen der turen startar.
Annonse