Rundtur i Innvik

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse

Ein innholdsrik tur med variert terreng. Første del av turen går på skogsveg før ein går opp Gaddane, ei bratt oppstigning i grei rås. Etter kvart flater terrenget ut og ein fortset langs lia i furuskog. Ved Åsefjellet er det igjen stigning, der blir ein belønna med storslagen utsikt til fjorden og heile bygda. Frå Åsefjellet går turen bakover til Tjønnane. Eit stort flatt myrområde med mange tjønner. Detter er eit naturreservat. Vidare går turen i god rås fram over Hildahalsen før ein ved blå merker svinger til venstre og unnabakken. Ein føl ei god rås langs lia, i gammal skog, mot Klypesteinen, Holenova og Bolljeberget. På dei to sistnemde plassane er det fine stoler/benker å sitje å nyte utsikta mot fjorden og bygda. Frå Bolljeberget går ein i rås før ein kjem innatt på skogsvegen og føl den tilbake til utgangspunktet.

Adkomst med egen bil

Frå Innvik sentrum tek ein til venstre inn på Dragesetvegen. Parker ved knapp sving etter Langvin.
Annonse