Fottur frå Hestenesøyra til Eikenesstøylen (340 moh) og Eikeneshesten (1093 moh)

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 9,0 km
  • 6 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 1057 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Turen på Eikeneshesten er ein flott tur med fantastisk utsikt mot fleire bygder, fjordar og fjell.

Ein kan velje om ein vil gå på skogsvegen, eller i stien opp på Eikenesstøylen. Ruta er godt merka, og på stien er der mange skilt som viser dei lokale namna.

Turen vidare mot hesten går inn til eit oppdemt vatn, der kan ein evt. ta seg eit bad. Derifrå går ein på høgre sida av vatnet og finn att stien. Ein fin pauseplass er på Spøtanakken, der har vi utsikt ned på Hestenesøyra, Hyefjorden, vi ser på Hyeneshesten, Gåsa og Skjerdalen.

Turen har bratte parti, med lett klyving. Vi har fått tilbakemelding på at dette ikkje er ein super tur for dei høgderedde.

Då Midtre Nordfjord Turlag arrangerte tur i 2013 var den yngste 4 år, og den eldste 77 år!

Tidsbruk ein veg vil variere, men vi 2-3 timar opp.

Adkomst med egen bil

Turen startar frå rv 615 på Eikenes, på Hestenesøyra. Det går skulebussar og rutebuss fra Sandane til Hyen/Florø.

Det er ikkje parkeringsavgift. Om det er mange bilar kan ein parkere nede på Øyra (skilta), eller ved skulehuset.
Annonse

on the path