Rundtur til Høgafjellet frå Blomleitet om Fjellsnova og Setnipo

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 14,5 km
  • 5 t
  • Rundtur
  • 1003 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Turen startar ved bom på Blomleitet og følgjer vegen forbi Træet (Turlaget si hytte) og langs Torvavatnet og Botnavatnet. Like etter der det tek av ein veg opp til venstre mot Hesjedalen kjem ein til de gamle skulehuset i Hesjedalsbotnen. Like i framkant av det går det sti opp til venstre (skilt på tre på høgre side av vegen). Her stig det fint oppøve mot Åsen og vidare til Storavatnet. Rett før Storavatnet kan ein ta ein fin avstikkar bort tl høgre på Vassahaugen. Frå Storavatnet føl stien høgre side av vatnet og klatrar seg opp mot Fjellsnova og vidare opp til Høgafjellet.

Frå Høgafjellet tek ein merka sti sørvestover mot Setnipo. Her passerer ein fleire tjønn som skal ha fin fisk. Frå Setnipo går turen ned over Melkinghaugen og Rjupaskaret til Austlitjørne. Her møter me sti frå Gangstø som går langs dei vakre Lauvtjønnane. Lauvtjønnene har ein hatt fin utsikt til på vegen ned, og er ikkje lange avstikkaren.

So ber stien ner Austlie i vakker furuskog og kjem ut på parkeringsplassen på Blomleitet.

NB: Kartsporet er noe grovt tegnet inn. Som hovedregel bør du navigere etter faktisk sti og fysisk merking i terrenget.

Adkomst med egen bil

Med bil tek ein til Bruvik når ein kjem over Osterøybrua. Ein køyrer gjennom Bruvik og kjem så til eit T-kryss der ein tek til venstre oppover Bruvikdalsvegen. Etter 6,4 km tek ein inn Blomdalsvegen til høgre. Denne køyrer ein 5,2 km til ein kjem til bom og parkering på Blomdalsleitet

Adkomst med kollektivtransport

Det går nokre få ruter frå Kvisti til vegkryss Bruvikdalsvegen/Blomdalsvegen i skuletida. Ein kan sjekke dette på skyss.no med avreise frå Kvisti og avstiging på Vassdal. Det går også nokre bussar i retur i skuletida, men desse må tingast. Opplysningar om dette finn ein også på skyss.no, men då med avreise frå Vassdal. Det er 5,2 km å gå etter veg frå krysset og inn til Blomdalsleitet der turen startar frå.
Annonse