Flott utsyn frå denne toppen! Frå parkeringsplassen ved vegen, går ein ca 200 meter til demninga (Grøndalsvatnet). Der går det ein sti på høgre sida av elva. Følg denne opp til Lisjedalsvatnet. Derifrå går ein vidare i same retning, og følgjer ryggen opp til toppplatået. Ein går vidare inn til varden (1396 moh), på kanten mot Sunndalen. Her er det litt luftig, med omlag 1000 meter rett ned til vatnet i Sunndalen. Ein har eit flott utsyn frå toppen!
Sunndalsnipa er og eit populært fjell om våren, til toppturar på ski, randonnee eller med truger.