Denne turen startar på Heio. Frå bommen ta til venstre opp sherpatrappene og Fossabrekko til Kvelve. Ta rett fram i stikryss og følg merka sti forbi Martebråtet og ned i Store Tjødnadalen. I stikryss der følgjer du skiltretninga nordover og oppover til Mehammarsåto.
Langs vegen har ein god utsikt mot Huglo, Tysnes, Kvinnheradsfjella, Halsnøy og Borgundøy. Du kan også sjå Folgefonna i klarvær. Mehammarsåto 749 moh, er den høgste toppen på Stord. Fantastisk utsikt i klarvær. Returner samme veg tilbake til Heio.
Frå E39 køyrer ein mot Fjellgardane og Lundseter frå Ådlandsvatnet eller frå Førlandskrysset (Rommetveit). Smal og bratt bilvei opp til parkeringsplassen på Heio.
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.
Gi tilbakemelding