I fjellsida ovanfor Klakegg, på Klakeggstøylen, er det bygd ein ny flott gapahuk med utsikt mot Stardalen og Skei. Turen opp, til denne tidlegare støylsvollen, går i eit ope og fint beitelandskap.
Frå parkeringa må du ta deg forsiktig over Jølstravegen (E39). Gå opp veg via gardstun som tek deg over til beitelandskap og går vestleg retning mot Leitehammaren. Stien dreiar så i nordleg retning der du passerer aust for Ormehaugane og Litledalen. Stien held fram i nordleg retning heilt opp til gapahuken.
Heile vegen opp har du god utsikt mot Skei, og etter kvart ser du også Jølstravatnet. Ein del parti på stien er svaberg. Desse er lette og fine å gå på når terrenget er tørt. I partia med svaberg skal det vere mogeleg å gå ved sidan av svaberga dersom dei er glatte og sleipe. Stien opp til gapahuken vart for nokre år sidan merka med raude merke når turen var ein av årets fjelltrimpostar.
Tips
Frå gapahuken går det ein eldre sti opp til toppen av Klakeggfjellet.
Fakta
Turen er på omlag 1,8 km ein veg og 3,7 km begge vegar, og 430 høgdemeter. Tid: 1,5 time opp og 3 timar t/r.
Hugs:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster
Ta av Jølstravegen (E39) på Klakegg. Parker i krysset der du tek av mot Stardalen.
Stor og fin parkering å setje bilen på.
Du må krysse Jølstravegen (E39) for å starte turen. Bilane kjem i 80-km i timen i noko uoversiktleg område. Sjå deg ekstra godt for før du kryssar vegen etter å ha parkert bilen.
Ta rutebuss som som går frå Skei mot Nordfjord. Gå av busshaldeplassen på Klakegg.