Rundtur frå Hagebø om Lona-, Mæle- og Geitrheimsætre og retur over Stongfjellet

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse

Flott rundtur i forholdsvis lett terreng der ein er innom tre av dei mange stølane som ligg i dette området samt får med seg den flotte utsikten frå Stongfjellet.

Turen startar frå Hagebø. Parkering på venstre side av vegen på toppen attmed nokre store søppeldunkar. Turen startar andre sida av vegen der ein går på veg gjenno tunet/hagen ti...

Adkomst med egen bil

Med bil køyrer ein til Lonevåg og tek til høgre i rundkøyring. Etter eit par 100 m tek ein til venstre på Fotlandsvegen (Fv 368) og etter ca 1 km tek ein til høgre på FV 363 (Solbjørgsdalen). Etter 1,3 km tek ein til venstre på Hovdavegen. Etter ca 2 km kjem ein til vegskilje der ein tek til venstre mot Hagebø. På toppen er det parkering ved nokre store søppelspann.

Adkomst med kollektivtransport

Dett går buss til Hatland skulesenter frå Lonevåg. Herifrå må ein gå eller ta drosje til Hagebø (ca 3,5 km)
Annonse