Åkrenipa frå Svartemyr

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 4,6 km
  • 3 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 659 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - sep

Stien går frå den nedlagde ferjekaia på Svartemyr, opp gjennom skogen. Etter at ein har passert tregrensa, går stien for det meste i lyngbakkar og noko myrterreng. Den siste delen av turen mot toppen går mykje på berg. Frå toppen har ein fantastisk utsyn over Sognefjorden og store delar av nordsida av Høyanger kommune.

Stien er godt merka.

Retur same vegen. Berekn ca. 1,5 - 2 timar frå Svartemyr til Åkrenipa, ca. 3,5 time tur/retur.

Det er også mogleg å gå merka sti til Osland. Denne er noko lenger.

Adkomst med egen bil

Frå Oppedal ferjekai køyrer ein austover på fylkesveg 5586 mot Bjordal, ca. 23 km til den nedlagde ferjekaia på Svartemyr. Parkering i krysset ved nedkøyringa til ferjekaia. 

Annonse

on the path