Fottur frå Fardalen til Hjelle via Åsete, Åsetvatnet og Gravdalen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 11,5 km
  • 6 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 604 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Fin tur på gamle stølsvegar frå Fardalen til Utladalen. Er du heldig med veret, får du flott utsikt til tinderekka i Hurrungane på vegen. Turen er ikkje merka, og går berre delvis på sti.

Turen startar ved Skihytta i Fardalen der Tindevegen kryssar Åsetelvi.

Fyrste delen av turen går på god sti, i svingar oppetter lia, 330 høgdemeter opp til stølen Åsete. Ved Åsete kryssar ein Åsetelvi på bru og held fram oppover langs elva. Etter vel 100 meter tek stien av til høgre opp langs elva/bekken som kjem frå Skjerpedalen. Stien kryssar etter kvart elva og held fram på venstre sida av elva, over sletta og opp til Åsetvatnet. Stien er ikkje merka og kan vere noko utydeleg somme stader, men det står nokre små steinvardar oppover mot Åsetvatnet så der er stien rimeleg grei å følgje. Dette er fyrste delen av den gamle stølsvegen frå Fardalen til Stølsmaradalen.

På høgda før Åsetvatnet kjem du inn i Utladalen Landskapsvernområde.

Frå Åsetvatnet (ca 1160 moh) slepp du deg ned i Gravdalen. Her er det ikkje sti eller merking! I august 2026 vart det sett opp ny bru over Gravdøla, omtrent der den gamle stølsvegen kryssa elva. Følg utløpet frå Åsetvatnet nedover mot Gravdøla, så hamnar du omtrent på brua. Vidare nedover langs elva til stølen på Gravdalen. Brua vert teken inn om vinteren så sjekk med Årdal Turlag om du er usikker på om brua er lagt ut. Den gamle brua ved stølen vart teken av flaum vinteren 2025 og vert ikkje sett opp att.

I Gravdalen (ca 850moh) har Årdal Turlag 3 ubetjente hytter (sel) med fire sengeplassar i kvar. Hyttene er låst med DNT-nøkkel.

Frå Gravdalen føl du sti vidare nedover til Avdalen Gard (ca 390 moh) og vidare heim til Hjelle (ca 100 moh).

Turen er beskriven ein veg.

Adkomst med egen bil

Parker ved skihytta i Fardalen, ca 8km frå sentrum av Øvre Årdal langs Tindevegen mot Turtagrø.

Alternativt, parker ved Hjelle i Utladalen og ta buss eller taxi til starpunktet ved Skihytta i Fardalen.

Adkomst med kollektivtransport

Når sommarruta mellom Årdal og Turtagrø over Tindevegen er i drift, lønner det seg å parkere ved Hjelle i Utladalen, ca 7km frå sentrum av Øvre Årdal og ta bussen mot Turtagrø til Skihytta i Fardalen (sjekk med VisitÅrdal for rutetider).

Eventuelt taxi frå Hjelle til starpunktet ved Skihytta i Fardalen.

Annonse

on the path