Rundtur til Gotdalsstøylen, Gotdalsskaret og Grønlifjellet

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 18,9 km
  • 10 t
  • Rundtur
  • 1157 høydemeter totalt
  • Sesong: Jul - sep

Denne rundturen tek deg inn i dei vakre fjella på Ålhus og går over eit stinett som til no har vore relativt lite nytta. Rundturen fører deg inn i eit flott fjellterreng der du føler deg langt vekke frå bebyggelse og sivilisasjon. Du startar turen blant bratte Jølstrafjell, og får etterkvart vid og opa utsikt mot dei lågare og snillare fjella vestover i fylket. Dette er ein tur for deg som ønsker å utforske nytt terreng på gjenngrodde stiar.

Frå toppturparkeringa på Indrebø på Ålhus går du i nordleg retning på skogsvegen som tek deg inn dalføret. Når skogsvegen byrjar å gå i motabakkar passerer du fossen som kjem ned frå Gotdalen og held fram på skogsvegen som går heilt fram til idylliske Gotdalsstøylen.

Frå Gotdalsstøylen tek du deg over elva og går i vestlig retning innover dalføret mot høgda 600 moh. Frå her held du fram i same retning mot Gotdalsskaret. Stien går i myrlendt lyngterreng i heile dalføret, og kan vere utfordrande å finne undervegs. Du kan gå på nokre små ryggar i terrenget for å unngå dei verste myrane.

Etterkvart byrjar terrenget å bli brattare opp mot Gotdalsskaret ovanfor deg. Dette kan sjå bratt og utfordrande ut å passere når du kjem nedanifrå. Stien går på dei beste plassane gjennom skaret der det er ein del stein og berg. Stien i skaret er det nok mest beitande dyr i området som held i hevd. Det er noko bratt opp skaret, men det er ingen parti der ein må klyve. I skaret endrar utsikta seg og du får den opne utsikta vestover til m.a. Godtdalstølen i Naustdal og Vonavatnet.

Vel oppe av Gotdalsskaret går du i nordvestleg retning mot høgda 987 moh. Hald fram i nordvestlig retning litt til mens du tek litt høgde oppover. Stien dreiar så i nordaustleg retning oppover fjellsida og tek deg inn på fjellrygg som du følgjer vidare oppover. Når du har tatt høgdene går du på rygg i kupert terreng bort til høgste punktet på Grønlifjellet 1385 moh. Når du har tatt omlag alle høgdemeterane, og byrjar å gå innover ryggen, får du flott utsikt mot både Ålfotbreen, Gjegnen og alle fjella som ligg rundt Longevasshytta. Langs ryggen mot Grønlifjellet får du dramatisk utsikt også ned i Trollebottsvatnet og mot Trollebotsegga.

Frå Grønlifjellet ser du godt ned att til dalføret du starta turen i ved å passere Godtdalstøylen. Frå Grønlifjellet 1385 moh. følgjer du rygg nedover i søraustleg retning ned mot Litlebotn. Øvst oppe er ryggen brei og fin å gå på. Nedover vert den gradvis smalare og brattare ned mot Litlebotn. Like før du kjem ned ryggen mot Litlebotn dreiar stien i nordaustleg retning ned nokre hamrar og berg. Nede i Litlebotn må du ta deg over grova som renn ned frå botnen.

Frå Liltebotn går du i austleg retning og held høgda i fjellsida heilt til du kjem inn i Tolsbotnen. Her kjem du inn på DNT- stien som går til Longevasshytta. Du følgjer denne i sørleg retning ned dalføret til Gotdalsstøylen. Frå støylen følgjer du skogsvegen attende til parkeringa.

Turen går innom Naustdal -Gjengedal landskapsvernområde.

Tips
Fjelltrimgruppa i Jølster har hatt fleire fjelltrimpostar til ulike trumål denne rundturen går på. Du vil derfor kunne finne spor etter raude merker undervegs.

Rett etter Gotdalsstøylen må du ta deg over nokre elvefar og grover. Desse kan vere store og utfordrande å ta seg over etter vårløysinga, og etter periodar med mykje nedbør. Det same gjeld elvepassering ved Litlebotn.

Når du står på Gotdalsstøylen bør du studere nedstigninga før du startar på rundturen. Om du ser at det er snø på ryggen der stien går ned frå Grønlifjellet mot Litlebotn, og i fjellsida bort til Tolsbotnen, skal du ikkje gå denne ruta verken ned eller opp. Det er bratt terreng der stien går, og det kan vere farleg å ta seg ut på hard sommarsnø utan naudsynt sikringsutstyr.

Frå Grønlifjellet 1385 moh. er det fint å halde fram vidare over ryggen mot Litlebottsegga (1346 moh.). Det er kort veg ned frå Litlebottsegga og ned til DNT-stien som går via Gotdalsstøylen og Tolsbotnen til Longevasshytta. Sjå tips i lenke for å lese om denne stien.

Du kan gå rundturen kva veg du vil. Avgjerd om kva veg du går må du ta på Gotdalsstøylen.

Fakta
Rundturen er på omlag 19 km og 1200 høgdemeter. Tid: 9-10 timar.

Nedanfor litt informasjon om nokre kortare turmål som er fine turar ein kan gå utan å gå heile rundturen:

  • Frå parkeringa til Gotdalsstylen er gradert som grønn tur (enkel rute): Omlag 2,6 kilometer på skogsveg og omlag 300 høgdemeter. Tid: 1,5 time opp og 2,5 timar t/r.
  • Frå parkeringa til høgda 990 moh. ved Tolsbotnen er gradert som blå tur (middels krevande): Omlag 5,4 kilometer og omlag 700 høgdemeter. Tid: 3,5-4 timar opp og 5,5-6 timar t/r.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster

Adkomst med egen bil

Ta av til Ålhusvegen frå Jølstravegen (E39). På Indrebø parkerer du på toppturparkeringa til Sunnfjord kommune. Betaling med Vipps for parkering. I denne turskildringa er det her turen startar.

Skogsvegen vidare innover dalføret er ikkje alltid open for biltrafikk. Om den er open for køyring med bil kan du køyre denne i omlag 1,5 kilometer innover det flate partiet i dalføret. Bom kostar 50 kr (Vipps). Parker på anvist plass. Det er ikkje høve å køyre skogsvegen til endes oppover mot støylen med verken bil eller sykkel.

Annonse

on the path