Svendsbø-Dommersnes, via Hagaskar og Storekolthaug. Vikebygd

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 6,7 km
  • 1 t, 40 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 550 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - nov

Turen starter ved velteplass for tømmer. Følg skogsveg frå velteplassen oppover. Der skogsvegen slutter, etter omlag 200 meter, ta til venstre inn på merkt sti og følg denne. Stien går i starten gjennom ein fin gammal bjørkeskog, og ein vinn høgde med å stiga opp ein del mindre kneiker. Etter omlag 1,1 km frå oppstart-punkt står ein klar til å gå inn i Hagaskar, her stig det bratt og på dei neste 300 metrane vinn ein omlag 100 høgdemeter. På toppen av Hagaskar er det eit skilt som syner vegen videre til Grautavatnet.
No stig og flatar stien ut i eit par etappar til ein er ved Grautavatnet, her går stien vidare langs vasskanten på vest- og nordsida av vatnet. Etter ei stund kryssar han ein bekk mellom Litle Grautavatn på nordsida og Grautvatn på sørsida. Om lag 100 meter etter dette skal ein ta til venstre ved eit skilt som peikar mot Dommersnes.
Stien svingar no aust om Grautavassberga og nedover mot Grautavassflåtene, før han går mot nord og stig oppover aust om Risdalsnuten. På toppen der flatar det ut og ein kjem inn i eit fint parti før stien går ned mot Store Kolthaug, og dukkar ned i nokre bratte kleiver i vel ein kilometer. Etter dei bratte kleivene flatar stien ut, og han følgjer vidare ein noko fuktig sti/skogsveg fram til fylkesvegen på Dommersnes.

Adkomst med egen bil

Turen startar frå ein velteplass for tømmer. Velteplassen ligg på venstre side av Bjordalsevegen, 500 m frå krysset nede ved fylkesvegen. Ta av frå E134 ved Isvik og følg vegen mot Vikebygd i ca 6 km, ta så til høgre ved kryss som er skilta med Bjordal, kjør ca. 500 m og ta til venstre ved velteplass. Her kan ein parkere, men ta hensyn til at det kan foregå aktivitet på velteplassen.
Annonse