Moldura er den høgste toppen i Holmedal og frå den kan du sjå 7 prestegjeld. Du startar frå parkeringsplassen ved vassverket og går på traktorved mot Vikastølen. Derifrå går du på fin sti mot Nyksvatn som er drikkevatnet til Askvoll og Holmedal. Du ser Moldura mot nord og du må gå opp skaret til høgre til terrenget går nedover.
Gå til venstre på merka sti mot Moldura og du vil komme til eit skilt som viser 2 forskjellige stiar til toppen. Når det ikkje er snø, kan du gå begge, men den stien som går rett opp, er noko luftig og delvis i steinurd. Stien til venstre er noko lettare. Når du kjem til toppen, får de ei fin utsikt over fjellheimen frå Jostedalsbreen til Nordsjøen. Turen er å anbefale.