KÅRDAL–MJØLFJELLET–TRYGLABOTN–MILITÆRLEIREN

Legg til huskeliste
Annonse

Ruteforklaring

Stien går over Kleivelva ved Kårdalsbrua. Du fortset stien opp ryggen på vestsida av Skredteigselvi. Vil du gå i vegetasjon går du stien til venstre ved ca. 900 moh, og krysser elva ved ca. 1000 moh. Frå 1470-toppen (søre topp) ser du Hardangerjøkulen og Hallingskarvet. Herifrå er ruta merka mot eit skar som fører deg ned til stidelet mellom Slondalen og Tryglabotn . Nedanfor skaret går stien delvis i hyller. Vær sikker på at du følger stien her. I stidelet ved Gommaskardet er det ein stor blokkhellar som kan brukast til kvile. Mot vest kjem du ned til Tryglabotn kor du kan gå mot Mjølbotn og Hellene. Ved «Badnatjødn» er stidele med T-merka sti frå/til Ulvik gjennom Fallet og Tyssedalen. Følgj så den T-merka stien mot Vesete og vidare til militærleiren på Mjølfjell. Ein må vere merksam på at hengjebrua over Raundalselva vert demontert etter haustferien. Det går også ei bru ca 1.5 km lengre vest. Den kan brukast heile året.

Naturforhold

Forbi Tjørehellaren er det eit elgtråkk (ca. 700 moh). Geologien bestemmer vegetasjonen i stor grad langs ruta. I vestre del er det lys anortositt med frostspengt fjell. Denne bergarten kan assosierast med mjøl, og difor heiter fjellet Mjølfjell. Aust for Skredteigselvi er det meir næringsrike bergartar med betydeleg meir vegetasjon. Mot 1470-toppen er det mykje blankslipt fjell med lite lausmassar og vegetasjon. Vest for Gommaskardet ned mot Tryglabotnen er det også ein god del blankskurt gneis. Ved «Badnatjødn» er det mengder av jettegryter som isen har laga. Dette endrar seg når ein kjem ned mot Vesetvatnet der det igjen vert frodigare på austsida av vatnet. Langsmed vatnet går stien gjennom ei ur kalla Venure som har fint kanta brotstein.

I lauvskogen ser ein at det dukkar opp små grantre. I skråninga opp mot Vesetfjellet står det ein lerk som står imot storm og snø. Frøa kjem frå Ulvik og Raundalen. Nedover frå Vesetvatnet går ein langs småvatn og elv med aure i.

Kulturminne

Lov om kulturminner [kulturminneloven] - Lovdata

§ 3. Forbud mot inngrep i automatisk fredete kulturminner. Ingen må – uten at det er lovlig etter § 8 – sette i gang tiltak som er egnet til å skade, ødelegge, grave ut, flytte, forandre, tildekke, skjule eller på annen måte utilbørlig skjemme automatisk fredet kulturminne eller fremkalle fare for at dette kan skje.

Like etter brua går stien på austsida av Tjørehelleren til stigninga i nordsida av Mjølfjellet. Helleren ligg under det bratte berget i nordvestsida kor det er spor etter bruk, også tjørebrenning. Det er ukjent kven som har brukt denne, men det kan vere folk frå Kleivane for lenge siden

R8 Gommaskard (3 lokaliteter)

Gommen og klyvjasteinar

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/gommen-loftestein

Gommen er ein kvit stein som ligg på leitet (stad med god utsikt) aust for Tryglabotnen ved den gamle buføringsvegen mellom Ulvik og Slondal som har vore i bruk frå før Svartedauden. Her har ein Mjølfjellet i nord, Gommahaugen i søraust og Brattefonni mot Slondal i aust. Gommen måler ca. 40x40 cm og ligg på ein jordfast stein. Den har restar av gamal T-merking på fire sider. Ein gamal varde, også med rødmaling på, står éin meter aust for denne. Tidlegare var det vanleg å løfte av kløven (seletøy for rygglast) her, og leggje den over steinen for at hesten skulle få kvile. Det er mogleg at dei to jordfaste steinane vart brukt som klyvjasteinar som hesten kunne stå mellom når kløven skulle av eller på. Når unggutane klarte å løfte Gommen til brystet var dei sterke nok til å kløve heim ein primkløv (prim er eit osteprodukt) åleine, heitte det.

Gluggevarde https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/gommaskard-gluggevarde

Gluggevarden

Varden står på ein knaus nord for stien/buføringsvegen mellom Tryglabotnen og Slondal, ca. 13 m aust for ein stor steinblokk. Varden er ikkje synleg frå stien der Gommen står. Varden er bygd av bruddstein til eit rom med åpning mot nordaust, med ein låg helle på tvers av åpningen. I rommet fann ein eit rustent spadeblad i 1996.

Blokkheller https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/gommaskard-blokkheller

Blokka som er stor som eit hus, står på ein avsats/knaus nord for stien. Staden ligg ved buføringsvegen mellom Ulvik og Slondal som har vore i bruk sidan middelalderen, før Svartedauden. Ein gluggevarde står ca. 13 meter mot aust. Blokka har ein stor rydda plass under framspringet på nordsida. Her er stein stabla til meir enn éin meter høgde. På vestsida ligg ein mindre, nedrast mur.

R5 Gluggevarde Tryglabotnen

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/gluggevarde-tryglabotn

Gluggevarden Tryglabotnen

Varden står på ein haug sør for stien der denne krysser elva frå Tryglabotnen. Stien er også del av dei gamle buføringsvegane frå middelalderen som går i området her. Varden er bygd av bruddstein som eit rom ope mot sør. Desse vardane som er plasserte på leiter (stader med god utsikt) vert også kalla for offervardar, kor det etter tradisjonen skulle leggjast offergåver. Over rommet er det ein vanleg utsjåande varde. Herifrå er det fri sikt til Gommaskard/Gommen kor det også er ein offervarde.

R4 Fangstgrav Tryglabotnen

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/fangstgrav-i-veset

Fangstgrav Tryglabotnen

I eit søkk i svaene (bart fjellparti) kor stien går mellom Vesetvatnet og Tryglabotnen, ligg ein gjenfylt fangstgrav. Stien gjer ein sving utanom grava. Grava er murt i ei røys av samla stein, slik at når grava var intakt, ville det vere naturleg å gå over den som ei slags bru over søkket. Det er synleg muring i austenden og rester av ledegjerder på nordsida.

Automatisk freda kulturminne.

R3 Badnatjødn – vegkryss/ferdsel og buføringsveg

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/vesettryglabotnen-buforingsveg

Badnatjødn er tjernet med dei flotte jettegrytene i svabergene mellom knausen Jeriken og nedgangen til vegen i Fallet. Kirkevegen til Ulvik gjekk her.

Det er ein Likheller ved Fallet. Dette namnet kjem truleg frå sagnet om eit sykt barn som skulle til Ulvik for å døypast, men som vert så dårleg at det måtte døypast undervegs i det som sidan vart kalla Badnatjødn. Vatnet vert også kalla for Karitjødn, som kanskje var namnet på barnet. Ein annan versjon av historien er at kløven barnet låg i, løsna og fell i vatnet då hesten bøyde seg for å drikke.

Badnatjødn er frå boka «Mjølfjell i nær og fjern fortid» 1996, Knut S. Andersen og Christian Hysing-Dahl.

Ein av buføringsvegane mellom Ulvik og stølene i Veset og Mjølbotnen gjekk her i gamal tid. Vegen gjekk opp grusbakken øst for Badnatjødn. Vidare mot Veset gjekk vegen på den slakere nordsida av Jeriken. Til Mjølbotnen gjekk vegen opp svaene mot Tryglabotnen, kor det fortsatt er synlege restar av oppmuringar laga for kyr og hest.

R2 Vesete

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/vesete-seter-mjolfjell

Seteren Vesete som er ein Ulvikstøl, kan vera frå før Svartedauden, det same som Mjølbotnsetrene. Stølsdrifta låg nede ei tid grunna snøskred i Tyssedalen omkring 1640 som øydela buføringsvegen. På samme tid vart sjølve sela øydelagt av eit anna snøskred.

Det er to tuftar mellom det nederste selet og det nybygde doet, og ein tuft lengst aust på bøen. Selet nærmast vatnet tilhøyrer Hans Lindebrekke i Ulvik. Den andre delen av setra vart solgt til J. W. Eide/Bergens Tidende i 1910. I samband med BT sitt 150-årsjubileum i 2017 vart denne hytta gjeven i gåve til Bergen og Hordaland Turlag.

R1 Urdlandsstølen

https://kulturminnesok.no/minne?queryString=http://kulturminnesok.no/fm/urdlandsstolen-mjolfjell

Det er i dag tre bruk på Urdlandsstølen. Stølen vart kjøpt av Viking N. Urdland i 1860-åra frå gården Almenningen. Før hadde Urdland brukt Fossen i Rjoanddal til sommerstøl saman med Norheim, en annen bruker i dalen. Det eldste selet på Urdlandsstølen blei flytta dit frå Fossen, og det er mogleg at det blei flytta til Fossen også. Selet er nå riven.

Kristi V. Urdland Hylle (1874-1954) og søstera Marta fekk ein del av Urdlandsstølen i 1914. Dei budde der og dreiv det som eit småbruk. Når folk fra Mjølfjellsiden skulle over Raundalselva, banka dei på løypestrengen for å få hjelp til å komme over. Ellers vada dei.

Adkomst med egen bil

Parkering ved start og stopp. Nedkjørsel frå vest rett før militærleiren eller ved Kårdal pensjonat.

Adkomst med kollektivtransport

Jernbane. Mjølfjell stasjon eller Ljosanbotn togstopp.
Annonse