Solhomfjell i Nissedal kommune

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 18,1 km
  • 3 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 733 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - okt
Solhomfjell ligg i Nissedal kommune, men løypa snurtar innom Gjerstad.
Dette har blitt eit mykje brukt turområde, med branntårnet som det store turmålet. Me har vald å skrive om to rundturar som begge kjem til toppen av Solhomfjell. Den eine turen er Sandtjønn – Solhomfjell (11 km), og den andre er Heiland – Solhomfjell
(13 km). Turane har ulik startstad.
GONGTID: Sandtjønn – Solhomfjell: Rundturen tek om lag 3 – 4 t. Området er fint på vinteren også.
TURANE:
Rundturen frå Sandtjønn går på lettgåtte fjell og sti i ope
landskap med storslage utsyn. Me følger varda og raudmerka
T-løype frå Sandtjønn og Spjotvatn til vegskiljet
ved Granslåttfjellet og vidare på blåmerka løype til branntårnet.
Attende går turen på varda løype til Fellsstigen og T-løypa
om Orretjønnane og Granslåttfjellet til Sandtjønn.
Rundturen frå Heiland går for det meste i Gjerstad,
gjennom skog og fjell på blåmerka sti. Me går om
Maristjenn til branntårnet på Solhomfjell, og attende over
Marishei, med vide utsyn.
SANDTJØNN – SOLHOMFJELL
Turen startar frå parkeringsplassen ved Sandtjønn, på
varda og raudmerka T-løype. Ein storslagen tur ventar.
Første delen går på grusveg langs Spjotvatn, og følger ei
gamal ferdselsåre. Ved enden av bilvegen går me inn langs
bekken frå Løytesdalen, som kryssast på stein eller bru,
og vidare oppover lia. Her vandrar me i lyng, små myrar
og skog, og haustbel raspar me gjerne i oss mogne bær
langs stien. Det stig bratt oppover og snart ligg Spjotvatn
og hyttefelta langt under oss. Me kjem etterkvart inn i
Solhomfjell naturreservat.
Ved vegskiljet på Granslåttfjellet tek me ein pust i bakken
før me går vidare til høgre langs den blåmerka løypa mot
Branntårnet. Det er om lag 2 km att til toppen. Her er me
ei lita stund i Gjerstad.
Det blir etterkvart nakne og opne fjell å gå på. Me stoppar
og ser utover Solhom med fleire tjennar, før me listar
oss over ei myr og opp ei kneik forbi vakre tjennar og
fjellrabbar. Utsynet vidar seg ut ettersom me vinn høgde.
Snart dukkar branntårnet opp. Me er på 659 moh, og
fjellvidda opnar seg heilt.
Heimover går me på varda sti på ryggen vestover, og
løypa kryssar nordenden av Langvatn. Etterkvart kjem
fjella i Uvdalen nærmare, og snart er me inne på T-løypa
frå Uvdalen til Sandtjønn. Me følger løypa vidare sørover,
gjennom litt skog og fjell forbi mange små tjennar. Snart
står me på høgda ovanfor Orretjønnane og nyt synet av
dei. No går det strake vegen nedover fjellsida, til vegskilje
ved Granslåttfjellet og gjennom skogkledde liar ned til
Spjotvatn og vegen attende til parkeringsplassen. Er det
ver til det, kan ein bade i Spjotvatn, på tangen nedanfor
hyttene.
HEILAND – SOLHOMFJELL
Turen startar frå parkeringsplassen før Stemtjenn ved
infotavla. Me går blåmerka løype til venstre gjennom skogen
sør for Stemtjenn. Turen går på god sti gjennom
kupert skogsterreng til me ser Maristjenn. Her er fine fjell
å raste på. Løypa svingar rundt Maristjenn og går
gjennom barskogreservatet før vegskiljet på den store
myra vest for Marishei. Her tek løypa av vestover til
Solhomfjell.
Løypa stig opp mot Branntårnet, men vel oppe gler me oss
over det vide utsynet. Ved tårnet skriv me namna i turboka.
Det er lett å finne ein lun rasteplass på toppen, sjølv
om det kan blåse litt.
Etter ei god kvile med mat og drikke, tek me same vegen
attende til vegskiljet på myra. No går me austover og opp
på Marishei (574 moh). Dette er høgste toppen i Gjerstad.
Her er vakre nakne fjell og utsyn over heiar og tjennar.
Det går bratt nedover frå Marishei på fjella med eldgamle
krokfuruer. Snart ser me Storrtjennane og løypa held
fram gjennom skog og myr til Lille Karistjenn. Om lag 1
km nordover ligg Store Karistjenn med Karibu, hytta til
Risør Jeger- og fiskeforening. Ved Lille Karistjenn er me
inne på den nye løypa frå Heiland til Uvdalen.
Løypa held fram i same slags terreng ned til Risfjelldalen,
vegen og parkeringa. Løypa er 13 km og tek kan hende 4
timar.
SOLHOMFJELL NATURRESERVAT:
Naturreservatet er på heile 23 600 da, og det største i
området. Det inneheld svært varierte naturtypar.
Me finn rik edellauvskog og gamal barskog og opne fjell,
med dvergbjørk og furuhottar. Noregs største barlind
veks her, like under Napane.
Universitetet i Oslo har dreve med ulike undersøkingar i
området, t.d. korleis sur nedbør påverkar vatn og vegetasjon.
Innanfor Gjerstadskogane som er Statskogs store
eigedom i Gjerstad og Nissedal, er om lag 28 000 da
verna som naturreservat. Utanom Solhomfjell er det
Heitfjell, Navassfjell, Materialen og Fjosbumyra.
BRANNTÅRNET
Branntårnet på Solhomfjell er den beste utsynsplassen i
distriktet, og er heile 16 m høgt.
Det er trygt å klatre opp i tårnet, som har høge gjerde. Gå
likevel varsamt, for det er bratte trapper og langt ned.
Utsynet herifrå er overveldande. Me ser til 4 fylke og om
lag 25 kommunar, med endelause fjell, heiar og havet i det
fjerne. Kvenntjønnane og Mjeltenatten der T-løypa går
forbi mot Gautefall, ser me mot nord. Her står me lenge
og ser, og kikkerten er i flittig bruk.
Branntårnet blei sett opp i 1948, men blei lite brukt som
branntårn. Det blei sett opp mange slike branntårn rundt
om i landet, og tårnet på Solhomfjell var nr 96 og det
vestlegaste. Branntårnet blei etterkvart eit viktig turmål,
for lite kan måle seg med utsynet frå toppen av tårnet.
Transporten av materiala til tårnet var litt av ein jobb på
den tida. Jarnet kom med tog til Øy i 1946, og blei køyrd
til Felle med bil. Den vintaren prøvde dei å frakte materiala
vidare til toppen av Solhomfjell med hest, men det
kom for mykje snø. Først neste vintar klarte dei åtte hestane
på Felle å få alt til toppen, med trug på beina. Sand
og sement blei kløva opp frå Felle om sommaren. Etter
mykje slit kom tårnet på plass i 1948
Etter mange år var tårnet prega av rust og forfall. I 2003
kalla Statsskog inn til møte. Skulle branntårnet rivast
eller pussast opp? Eit stort økonomisk spleiselag med
Nissedal og Gjerstad kommunar, Aust Agder og
Telemark fylkeskommunar, private bedrifter, Havrefjell
utvikling AS og Havrefjell turlag kom i stand.
Sommaren 2007 blei branntårnet kappa i to og frakta
med helikopter til restaurering på Fiane. 21.08.08 kom
helikopteret attende med nyoppussa tårn som blei montert
att på toppen. Totale kostnader kom på 750 000 kr,
i tillegg til 600 t dugnadsarbeid

Adkomst med egen bil

Frå E18 følger du Fv 418 mot Gjerstad og Fv 71 mot Øy. For løypa Sandtjønn – Solhomfjell: Litt etter fylkesgrensa mellom Aust Agder og Telemark: ta av til høgre ved Vehus, ved skilt merka ”Sandtjønn 2 km”. Me køyrer langs Vehusåna og Samlogheia. Betalingsbom (brikke eller bankkort). Parkering ved
Sandtjønn, der T-løypa Sandtjønn – Uvdalen – Gautefall startar.
For løypa Heiland – Solhomfjell:
Etter om lag 26 km, rett etter rasteplassen ved Heiland tek du første veg bratt opp til høgre. Parkering før Stemtjenn ved infotavle og løypestart.
Annonse