Sandtjønn-Gautefall

Publisert av: Aust-Agder Turistforening
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    22,1 km
    8 timer
    En vei
  • Sesong
    Jun - okt
Dette er ein fin turveg frå Felle ved grensa til Gjerstad og over Heimdalsheia til Gautefallheia. Naturen er open og ven. Mykje av stien ligg i fjellprega terreng – rundt 600 m.o.h. – dermed er utsikten god. Der er litt skog av og til, mange vene vatn, små og store, som ein ser frå stien. Fjell og knattar har fine fargar på grunn av ymse typar lav.
Du passerer gjennom to naturreservat, noko som gjer at
naturen kring deg får vere i fred her.
Du kjem forbi gamal busetting inne på heia og du får sjå
eit solhjul og ein hellar.
Du kjem også oppom to fjelltoppar, Mjeltenatten og
Stolsvassnuten, den første med postkasse og turbok, den
andre med fantastisk stup og panoramautsikt sørover.
FØRST MOT SOLHOMFJELL:
Ein går på T-merka sti heile vegen. Skiltinga er god. Ein
følgjer same stien som til Solhomfjell nokre kilometer.
Sjølv om det blir ein avstikkar, bør ein ta turen oppom
Solhomfjell (659 moh) og klatre dei 16 m. opp trappene
til toppen av det nyrestaurerte branntårnet. Er veret klart,
får du ein unik utsikt til 4 fylker og 6 gongar så mange
kommunar.
DERETTER MOT UVDALEN:
Men nå må me vidare: Ein høg fjellvegg frå Storlinuten og
Heitefjell styrer oss mot Uvdalen, ein fleire hundre år
gamal nedlagd gard – tidlegare ein av dei største i
Treungen. Det budde folk her fram til 1910. Eit hus er
flytt, resten har ramla ned.
Ein god del av skogen er nå freda som naturreservat i
dette området.
Ca. 1,5 km. lengre ned ligg Uvdalsvatnet, 323 moh. Hit
inn går den 16 km. lange skogsbilvegen som startar ved
Valle i Gjerstad. Ein kan komme med bil inn hit og bruke
Uvdalsvatnet som start/sluttpunkt for turen. Det er opp til
ein sjølv.
Men følgjer du løypa mellom Sandtjønn og Uvdalen og
held deg til T-merkinga, vil du ha gått 9 km. når du er
framme ved Uvdalsvatnet. Det er 14 km. att til Gautefall.
VIDARE OVER HEIMDALSHEIA:
Stien vidare mot Heimdalsheia er nokså bratt. Den stig
kraftig opp til Kvenntjønnane.
Derifrå er det vent å gå på snaufjellet innetter og opp på
Mjeltenatten (524 moh.) Her er fin utsikt til alle kantar,
t.d. til Stolsvassnuten og Stolsvassøygard.
Stolsvassøygard er ein nedlagd sæter under
Heimdalsgardar. Her blei i 1832 ei 12 år gamal jente drepen
av bjørn.
Vel komen ned til Stolsvasslonene (448 moh.) kjem ein til
Solhjulet. Det er ein fleire tusen år gamal ring med ein diameter
på ca. 40 cm., hoggen ut i ein fjellknatte. Det er fint
å ta ein rast der solhjulet ligg.
Vidare går stien bratt opp – forbi ein heller – til toppen av
Stolsvassnuten (633 moh.). Er det klart vêr kan ein mot
sør-aust sjå store båtar på havet der ute. Elles ser ein
mange store og små vatn i heia under seg. Men ver forsiktig
– gå ikkje for langt ut mot det digre stupet!
Over til Reinsvassnuten (656 moh.) er det lett å gå og flott
utsikt. Den T-merka løypa går ikkje oppom toppen på
nuten, men dreier ned mot Reinsvatn. Her er mange hytter
og grusveg inn til desse, så den siste biten gjeng på fylkesvegen
ut til vegen mellom Drangedal og Treungen.
Fylkesvegen blei bygd på 60-talet og den fekk store ringverknader..
Her sluttar den 23 km. lange turen.
ALTERNATIV AVSLUTNING:
Ein kan også svinge av mot høgre ved skilting noko tidlegare,
før ein når Reinsvatnet og grusvegen, og ta seg fram
etter T-merking og skilt mot Gautefallheia og hotellet
med alpinanlegg som ligg der. Då blir turen eit grann
lenger, men ein kan då få seg god mat på hotellet når ein
kjem i mål.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Frå Arendal er det ca. 1 time å køyre . Ein tek av mot Gjerstad frå E 18 og køyrer FV 418 oppover og gjennom bygda i retning Felle og Øy. Like etter at ein har passert fylkesgrensa til Telemark og er inne i Nissedal kommune, svingar ein til høgre inn ein bomveg mot Sandtjønn. Etter 2 km. på denne vegen er det ein
parkeringsplass.
Annonse