Fuglefjell

Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 2,5 km
  • 1 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 301 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Turen startar med nokre minutt gange på traktorveg. På venstre side av vegen byrjar merka sti opp Ramslia, her går ein i skog med jamn stigning. Når ein kjem over tregrensa flatar turen ut og stien deler seg i to, begge rutene går til varden på Fuglefjell. Stien til høgre, ut mot fjorden, er meir kupert og byr på ei flott utsikt. Vel ein ruta til venstre, inn frå fjorden, får ein ei lettgått rute med slak stigning heile vegen. Utsikta frå toppen er spektakulær! Ein skimtar mellom anna Lihesten i Hyllestad.

Turen fungerer også fint som trugetur vinterstid.

Adkomst med egen bil

Følg E39 forbi Lavik og ta av mot Bosdal, ca. 3 min før Lavik. Følg grusveg oppover og forbi Ringereidestølen på venstre side. Parkering til Fuglefjell ligg på høgre side av vegen ved ein traktorveg.
Annonse