Hallingskeidvegen - Historisk vandrerute

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Svært krevende fottur
  • 19,4 km
  • 8 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 435 høydemeter totalt
  • Sesong: Jul - okt

Turen er en godværstur. Den er 20 km. lang og ekstra krevende med store høydeforskjeller. Fra Hallingskeid totalt 400 høydemeter opp og 1500 høydemeter ned, motsatt fra Osa. Ved langvarig og intens nedbør kan det være fare for mindre jord- og sørpeskred i området mellom Osa og Ossete og videre opp mot 1200 moh. Følg med på farevarsel på Yr og Varsom om du er usikker.

Denne turen er ein av våre Historiske vandreruter. Eit samarbeid mellom DNT og Riksantikvaren, som gjer gamle ferdselsveger betre kjent og meir brukte. Dei utvalde rutene gjev deg flotte friluftsopplevingar saman med unik kulturarv.

Hallingskeidvegen frå Osa og oppover i høgfjellet, i Ulvik herad, er ein spannande og litt krevjande tur. Vegen har vore nytta til ferdsel i uminnelege tider. Ein kan gå den både frå Hallingskeid turisthytte, eller starte i Osa og ta tyngste delen når ein er opplagt om morgonen. Ein kan gå turen på ein dag.

Les meir om Hallingskeidvegen frå Osa og Historiske vandreruter ved å trykke på lenkene til høgre på sida.

RUTEBESKRIVING:

Turen starter på god tursti og held fram på steintrapper eit stykke opp i fjellsida til Ossete. På Ossete har det vore støling i hundrevis av år. Herifrå er det grei sti og godt merka til fjells. Det er bratt og krevjande, men du får stadig betre utsyn. Vel oppe møtes du av eit goldt landskap, prega av at det ikkje er lenge sidan isen låg, og at mykje har smelta i dei seinare åra. Men det er lett å gå i, og det er flott høgfjellsplatå der du går langs med mange små vatn som blenkjer fint i sola. Nokre år kan det og ligge snø til utpå sommaren; då vil dei høge vardane vise veg. Dette er ein godvèrstur. Øvst i Buerdalen ser du endeleg jernbanelina og Rallarvegen i det fjerne, og no ber det jamt og roleg nedover. Ved stikryss mot Rembesdalen vert underlaget mjukare med gras, mose og lyng. Her har det vore busetjing. Når du nærmar deg Moldåa, passar det med ei lita pause for å sjå utover flatene mot Hallingskeid og stølane der. Det var desse områda som vart brukt til møteplass, kappleik og handel i gamal tid. Etter å ha kryssa brua over Moldåa, er du straks framme på Rallarvegen og følgjer denne fram til DNT-hytta på Hallingskeid. Hytta er frå den tida da Bergensbanen vart bygd. Her passar det å overnatte.

Hugs alltid å ta med kart og kompass, og følg med på kartet undervegs. Du kan sjølvsagt gå turen motsett veg. Dersom du ynskjer å nå buss frå Ulvik og vidare til Bergen same dag, løner det seg å starte med overnatting på Hallingskeid.

Adkomst med egen bil

Til Osa: Bil til Osa. Velger ein å utvida turen med tur over Vossaskavlen til Kaldavass, kan man gå tilbake om Ulvik. Til Hallingskeid: Kun tog, til fots eller med sykkel på Rallarvegen frå Finse. Sykkel kan ikkje leverast på toget på denne stasjonen.

Adkomst med kollektivtransport

Frå Osa: Tog og buss mellom Bergen, Voss og Ulvik. Mellom Ulvik og Osa ( 10 km) er det naudsynt å ta taxi, må bestillast. Ulvik taxi: 911 11 366 (ikkje helg) og Granvin taxi 90623484.

Frå Hallingskeid turisthytte: Tog til Hallingskeid, overnatting og neste dag til Osa, taxi frå Osa til Ulvik, som korresponderer med buss og tog vidare til Voss og Bergen.

Annonse

on the path