Moskam 519moh - "Sørlandets svar på Besseggen"

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 2,6 km
  • 2 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 219 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Moskam ligg på Felle i Nissedal Kommune, og er eit spennande turmål. Turen er merka frå Skåli, og er på 2,48km ein veg. Ein kan gå same vegen opp og ned, eller velje ein rundtur siste delen av løypa. Moskam er 519moh, og med vidt utsyn på toppen. Der er postkasse med turbok.

Den blåmerka turløypa startar ved Skålivegen, og går gjennom småskog og myrer. Me vandrar langs Kalstadtjønna, og krysser ein bekk. Det kjem eit lengre myrparti, som kan bli temmelig blautt ved nedbør. Etter nærmare 2km ventar ei brattare hei, men stien er tydeleg. Litt før vesle Skartjønn delar løypa seg, og det blir ei rundløype på toppen. Den sørlegate stien går forbi Skartjønn og etter kvart delvis langsmed og delvis opp eggen til toppen av Moskam. Det er fint å gå her, men pass på, for det er bratte stup på siden mot Mosdalen. Ein kan gå opp på eggen lenger nede enn der løypa er merka, eller gå langs eggen heile vegen til toppen. Det er godt å raste på toppen av Moskam, og sitje og sjå utover heiar og tjønnar. Frå Moskam er det verkeleg 360' utsyn. Mot sør ser me sundsmyrane og vidare Vedlausfjell, Havrefjell, Solhomfjell, Heilandsvatnet og Markset. Lengst unna ser me sjøen, masta på Hovdefjell, fjella i Nissedal og Lifjell.

Tilbake følgjer me den nordre stien gjennom skog til vegskiljet Skartjønn, og same løype attende til bilen.

God tur ;)

Adkomst med egen bil

Frå E 18 kjører du FV 418 forbi Gjerstad og held fram på FV 71 mot Øy. Ta vegen til venstre ved butikken på Felle, ved skiltet merketa "Skåli 2,5km" Løypa til Moskam starter like etter Skåligårdane, ved skilt og karttavle. Parkering langs vegen eller vegstubb til venstre.

Annonse