Fottur til Kvamshesten 1209 moh

Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 11,6 km
  • 7 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 835 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Kvamshesten med sine 1209 meter er eit av dei høgaste fjella mellom Førdefjorden og Dalsfjorden i Sunnfjord. Den markante profilen som reiser seg bratt opp frå landskapet rundt, kan særleg frå sør likne ein hestekropp. Lokalt i Sunnfjord blir fjellet kalla Storehesten, fordi det er det største av fleire fjell med hestenamn i dette distriktet.

Den T-merka ruta til Storehesten er godt merkt og held høg standard då det både er hellelagt og grusa store delar av dei blaute partia. Denne ruta går i greitt terreng, med noko svaberg og nokre korte, litt bratte parti på siste delen.

Turen startar ved parkering på Stølshaugane i Bygstad. Stien passerar forbi Kårstadstølen og vidare oppover mot Kårstadskaret. Heilt oppunder skaret kryssar stien ei elv og tek bratt opp langs elva. Her er det også mogleg å gå rett fram, ei litt lengre og slakare rute, som møter den bratte stien på toppen av skaret like ved Dagsturhytta Skaraly.

Vidare kan det vere lurt å passe på stidelet ved enden av Skardavatnet. Den T-merka ruta går vestover forbi både Skardavatnet, Seltuftevatnet og Grunnevatnet, før ein kjem opp til Vardehaugane. (Tek ein til venstre i stidelet ved enden av Skardavatnet kjem ein inn på ei privat merka rute som går luftig opp austegga).
Frå Vardehaugane reiser fjellet seg, og ein tek bratt stigning opp mot fortoppen. Frå den går ruta austover inn i eit skar, og så ut på nokre svaberg, før ein ser varden på 1209 moh. På det bratte partiet mot toppen er det lagt ut tau.

På denne turen vil ein finne mange stader å stanse opp, enten det er for ein fantastisk utsikt, eit idyllisk fjellvatn eller ein sildrande, frisk fjellbekk.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots. Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november

Adkomst med egen bil

Turen er merka frå parkering Stølshaugane. Det er skilta til parkeringsplassen frå Bygstad sentrum. Delar av vegen går på bomveg.

Annonse