Sønnanåstølen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 3,1 km
  • 1 t, 30 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 318 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året
Turen startar ved Stuhaug Gardsmuseum. Heile turen er skilta og går langs ein traktorveg, det finnes ulike alternativ langs ruta, dette er skilta. Første halvdel (1,5 km) er tidvis ganske bratt med ein del lauvskog fram til ein nårtil første flate, her er det skilta til ein benk med utsikt over dalen mot Sandeid. Det er også fleire kvilesteinar fram mot utsiktsbenken. Vidare frå benken (1,5 km) er lende litt flatare med tidvis ope lende og lauv og barskog. Ved krossleitet (høgste punktet på turen) kan ein ta av og gå mot sør til Døldarheia. Vegen frå krossleite går ned i ein idyllisk fjelldal med ein restaurert støl, ope areal som blir brukt til beiting om sumaren og eit lite tjern som gir moglegheitar for fisking (små aure).

Frå Sønnanåstølen kan man også ta turen vidare til Aurdal, Vats.

Stølen er eigd av Stuhaug Gardsturisme, men er ope for utleige.

Adkomst med egen bil

Det går buss mellom Sandeid og Ølen fleire gonger om dagen. Stuhaug Gardsmuseum ligg på Sønnanå, 1 km sør for Steinsland Næringspark (Suldal Billakkering AS og Kaldheim Auto AS), 5 km frå Ølen og 4 km frå Sandeid.
Annonse