Bjørn West-marsjen, Litlematrestølen-Stordalen fjellstove

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 13,3 km
  • 6 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 894 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt
Kvart år, nest siste sundagen i august vert Bjørn West-marsjen arrangert til minne om det som hende i Matrefjella i siste del av 2. verdskrigen. Turen går forbi mange av dei stadane som det er knytt spesielle hendingar til i samband med krigsinnsatsen.
Skal du gå turen på eiga hand er det lurt å organisera transport tilbake frå Stordalen. Turen stratar like nedanfor Litlematrestølen. For å koma fram til startpunktet tar du av E 39 like sør for Masfjordtunnelen, og køyr anleggsvegen ca. 7 km. Starten på løypa er godt merka, og stien er lett å følgja heile vegen. Turen startar i glissen bjørkeskog forbi Litlematrestølen. Vidare på berg og fast sti på vestsida av Kvitevasseggjene. Så bratt ned til Krokvatnet, langs sørsida av vatnet i lauvskog, Ved vatnet er det fine teltplassar, og mykje fisk å få. Vidare opp på ein liten åskam der ein ser ned i Kringlebotn. Herifrå bratt opp på Klavefjellet. Frå høgste punktet ved Skjerjavatnet i kuppert terreng før du "stuper" ned mot Stordalsvatnet.
Turen er beskriven i Opptur Hordaland, 28-01.

Adkomst med egen bil

Ta av E 39 like sør for Masfjordtunnelen. Anleggsveg fram til Litlematrestølen
Annonse

on the path