Turen er merka frå utkøyrsle like før toppen av Kjørnesfeltet. Føl merka sti med god stigning i byrjinga, før den flatar ut inn mot Jeiskedalen.
Jeiskedalen er ein gammal støl, med ein fin bø, og steinar etter tuftene. Fin utsikt over Sogndal på nokre utkikkspunkt langs stien.
Markeringa i kartet er gjort på skjønn, og ikkje etter GPS måling.