Fottur til Kallskaregga

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 7,9 km
  • 5 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 924 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - sep

Turen til Kallskaregga er ein fin topptur som gir god utsikt. Ein startar ved Osen (heimste enden av Herdalsvatnet), her kan ein parkere bilen. Ein må gå omlag 200 meter tilbake langs bilvegen til ein får ei bru på høgre side. Ein tek over elva og går langs den bratte råsa opp Oshola. Dette er det brattaste og mest krevjande stykket på vegen, men her er råsa til gjengjeld svært tydeleg.

Etter omlag 40 minutters gange slakar det ut og ein tek til høgre mot aust. Her er råsa noko merka, men det er inga tydeleg rås. I godt vær ser ein kvar ein bør gå, men i skodde er det vanskeleg å orientere seg. Når ein har komt over skoggrensa skal ein halde skrått oppover mot nordaust. Kartsporet er grovt tegna inn herfra, så naviger etter terreng. Etterkvart endrar vegetasjonen seg frå smålyng til ur og fjellknausar. Her følg ein den breie ryggen mot aust til ein når toppen.

Turen har ingen krevjande parti, men er bratt. Ein bør ikkje legge ut på denne turen når det er dårleg sikt.

Adkomst med egen bil

Med utgangspunkt i Norddal sentrum følg ein vegen til Herdalen. Ein bør kjøyre på Dalesida av elva, same side som butikken. Etter 3 km møter ein på ein grusveg. Dette er ein bomveg som fører til Herdalsetra. Når ein kjem til Herdalsvatnet parkerer ein på venstre side av vegen.
Annonse

on the path