Lårdalstigen er ein fantastisk tur med spektakulære utsiktspunkt framme på fjellkanten langs Telemarkskanalen.
Den innerste delen av Telemarkskanalen er omkransa av bratte og ville fjell. Langs fjellbrynet frå Dalen til Lårdal, har ein gjeng eldsjeler i Lårdal rydda ein turveg ...
Om du kjem langs E-134, tek du av i Høydalsmo på Fv 450 mot Dalen. Om lag 1 km etter at du har passert Eidsborg, er det avkøyring på venstre hand (skilta Lårdalstigen). Frå Dalen følgjer du Fv 450mot Høydalsmo. På toppen av Eidsborgberget, etter ca. 4 km, rett etter det blå Eidsborg stadsnavnskiltet, er det avkøyring på høgre hand (skilta Lårdalstigen). Parkering ved enden av grusveg (per dags dato er parkeringa her stengt) (ikkje framom tunnelinngangen). Me vil anbefale at de parkerar på bryggjeområdet på Dalen, langtidsparkering på motsett side av bobilparkeringa (gratis), og tek taxi opp til startpunkt (fastpris for bilen kr. 200). Då har ein bilen lett tilgjengeleg når ein kjem i land med båten, og det er også avgrensa med plass på p-plass ved startpunkt i Eidsborgberget, i tillegg til at det er ein litt skummel inn og utkøyring.
Kjem du frå Åmot på fv 38, køyrer du gjennom Dalen mot brygga.
Om du vel å starte i Lårdal, kan du følgje skiltinga mot Lårdal frå Fv 450 mellom Høydalsmo og Dalen. Halvvegs nede i grenda Lårdal er det parkering på venstre sida ved Eben-Ezer.