Liahovdane byr på flott utsikt over Lesjaskogsvatnet og til fjellområda rundt. Dette er ein tur som passar for dei fleste i familien.
Følg merka stig forbi gardane, oppover lia, langs Mølmsåa og vestover til toppen som ligg 1296 moh.
Den store engelske komponisten Fredrick Delius (1862-1934) hadde sommarhytte i Øverli. det store ønsket hans var å koma til toppen av Liahovdane, men på grunn av alvorleg sjukdom var dette svært vanskeleg å få til. Enden var at det vart laga ein spesiell stol som Delius vart boren i, og han fekk til slutt ønsket sitt oppfylt.
Sving av E 136 til Lesjaskog sentrum. Ved Lesjaskog sentrum kan en parkere ved Lesjaskog kirke eller ved Bunnpris-butikken.