Stigen følgjer ein skogsveg mot søraust i 400 meter. Så går stigen bratt oppover skogen og frå 700 moh etter ein rygg i terrenget til skryteboka på 950 moh. Du går inn i Breheimen nasjonalpark ved ein varde på 1099 moh.
På 1200 moh går du over ei vassveit. Du kan sjå vassdelet 50 meter ovafor dersom du følgjer ein umerka stig dit. Vassveitene er vatningsvatn for fleire gardar i Nordberg. Siste biten fram til varden på Flækøyhø går ut mot dalen i lett terreng. Her har du framifrå utsikt over Bismo og Skjåk.
Slik kommer du deg dit
Adkomst
Stoppesteder
Google Maps
Adkomst med egen bil
Køyr Fylkesveg Rv.15 vestover 2,7 km frå Bismo, som er kommunesenter i Skjåk. Køyr av frå riksvegen på sørsida til parkeringsplassen ved skytebana.
Annonse
Feil eller mangler?
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.