Rundtur til Nasefjell i Fyresdal kommune

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 9,8 km
  • 4 t
  • Rundtur
  • 357 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Nasefjell ligg høgt over Fyresvatn med fin utsikt i alle retningar.Toppen på 916 moh. er smykket med ein fin steinvarde.

I tillegg til at det er ein fin rute frå vegen mellom Fyresdal og Birtedalen, ligg den også i nærområdet til turistforeninga si hytte Hengeltjørnhytta, og er fint tilgjengelig sommar som vinter. Turen startar i fin fjellskog som går over til bart fjell fra Grøtjørn og opp mot toppen.

TUREN

Fylg blått merke i sydeleg retning. Ein ser den flotte varden i god tid før ein er der. Det er høve til å bade når ein passerar Grøtjønn. Denne ruta er ein veldig flott skitur vinterstid.

Med utgangspunkt i Løkedalskrysset kan ein og starte rundturen på den nyrestaurete løypa inn til Hengeltjørn. Fylg merka løype til Nerigardsvegen og etter nokon hundre meter mot Breivik er det skilta med blått opp eit dyretrakk mot toppen av Nasefjell. Denne rundturen kan og kombinerast med overnatting på Hengeltjørnhytta.

Like flott tur sommar som vinter, men den bratte traseen kan ikkje gåast på ski.

Adkomst med egen bil

Tak av RV 355v/flyplassen mot Birtedalen. På det høgaste punktet, etter 18km startar ein turen. Stopp ved skilt og parker her.
Annonse

on the path