Tur inn til botnen av Vøringsfossen

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 2,5 km
  • 1 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 180 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - sep

Storgjel - Vøringsfossen - Storegjel. Dette er ein flott tur der du kan oppleve å sjå fossen frå botnen. Parker bilen ved Storegjel, i parkeringslomma mellom 2. og 3. tunnel i Måbødalen (øvre utgang av Måbøtunnellen). Følg gangveg ned på gamlevegen, og følg denne nedover ca 300 meter. Ved svingen står eit skilt til ”Vøringsfossen”, der stien ned til elva begynner. Følg stien innover og over ei hengebru der du ser fossen. Gå berre ein og ein person over hengebrua. Ver merksam på at det er glatt og ulendt terreng ved fossen på grunn av vannsprut. Stien innover går delvis over ustabil ur, slik at ein må vere forsiktig. 

OBS! Brua over elva ved fossen er stengt på ubestemt tid p.g.a. at den er utrygg!!  

Turen er eigna heile sommaren frå ca 15. mai til oktober (bør vere snøfritt).

Adkomst med egen bil

Parker bilen ved Storegjel, i parkeringslomma mellom 2. og 3. tunnel i Måbødalen (øvre utgang av Måbøtunnellen).
Annonse