Rundtur i Trivselsskogen

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 6,7 km
  • 1 t, 40 min
  • Rundtur
  • 591 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Trivselsskogen, ein skog fylt med opplevingar for alle! 

Turen startar i Sandane sentrum utanfor intersport. Gangvegen frå sentrum er skilta og merka med hjarter til den store parkeringsplassen i Trivselsskogen.

Frå parkeringsplassen går turen langs elvestien, forbi hundeparken og vidare til Fosseteateret. 

Når du er på Fosseteateret, kan du kvar dag og kvart minutt, oppleve forestillinga Holvikfossen gir deg. Alt etter årstid, mengde vatn og vind endrar opplevinga seg. Her kan du oppleve alt frå det romantiske til det spetakulære.

Få nærkontakt med Holvikfossen – det blir som å oppleve eit teater – på ekte!

Stien går over i veg til Utsikten, eit av mange utsiktspunkt.

Frå Utsikten går du nedover til Draumekvila, der dagsturhytta i Gloppen er. Kva med ei lesestund i hytta? Her har vi barnebøker på nynorsk.

Kjærleiksskogen er neste attraksjon. Den ligg der og ventar på å bli fyllt av hjarter og kjærleik i alle former. Heng opp eit hjarte på ei grein, lag eit hjarte i skogbotnen eller i mosen på steinane.

Treningsparken er laga for at du skal kunne kombinere turen med litt styrkeøvingar. I parken finn du ein komplett Tuftepark, ferdiglaga treningsprogram og igjen; Fantastisk utsikt!

Tin-camp (Trygg i naturen) ynskjer å gje barn, unge og folk med funksjonshemmingar – høve til å få lettare tilgang til naturen. Her er det 2 pizzaomnar, 6 gapahukar med bålplass og soveplass til minst 6 personar i kvar, toalett og aktivitetsområde mm. Ein super stad for ei pause, eller overnatting. Om du vil overnatte eller bruke pizzaovnane må du booke på Trivselsskogen.no

Rundturen i Trivselsskogen er ei oppleving, også for born frå 4-5-års-alder. Kanskje ser du fleire eventyrfigurar på turen?

Har dei små lyst på ein litt kortare tur i mørket, så prøv lyslotto. I skogen har 20 dyr gøymt seg godt. Du kan finne dei ved hjelp av lommelykt etter at det er mørkt, eller du kan sjå dei på lyse dagen om du ser godt etter. Det er nye dyr å finne kvar månad!

Det er mange ulike turalternativ i Trivselsskogen, sjå på skilting og informasjonstavler.

Trivselsskogen er eit nasjonalt pilotprosjekt for nærturar i DNT.

GOD TUR i den fantastiske Trivselsskogen!

Adkomst med egen bil

Du kan starte turen frå varden ved Intersportbutikken i Sandane sentrum, eller du kan ta avkøyrsle frå E39 ca. 1 km nord for krysset mellom E39 og fylkesveg 615.

Adkomst med kollektivtransport

Kort veg frå rutebilstasjonen til starten utanfor Intersportbutikken.
Annonse