Fottur til Trollenykjen 898 moh

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 6,3 km
  • 4 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 877 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - okt

Fantastisk utsikt over Nordfjordeid sentrum, utover fjorden og innover mot Hornindalsvatnet. Frå toppen ser du både Eidsdalen, Sagetindane, Hornindalsvatnet, Anda, Lote og Hyen.

Start ca 100 m frå Skipenesbrua, på skogsveg. Stien er god og ruta er godt merka, samt at råsa/stien er veldig grei å følge. Pass på å ta av på sti til høgre oppover, etter hogstfeltet. (Held ein fram på skogsvegen, kan ein kome til Bjørlovatnet).

Pass på å svinge av mot Skipenessetra når stien delar seg (mot Ossætra). Det er skilta mot Skipenessetra der dette skiljet er. Etter ca 1 time kjem du til Skipenessetra. Vidare derifrå tek det ca ein time til Trollenykjen.

Ruta var merkt opp 26.06. Ei stund etter du har passert Skipenessetra er det framleis ein del snø, så det kan vere lurt å vente litt med å gå turen om ein ikkje er trygg på å gå på delvis snødekt terreng. el.

Trollenykjen er ein av Fjordspor-turane - 20 magiske vandreopplevingar i Nordfjord www.nordfjord.no/fjordspor Årleg er det eit motbakkeløp på Trollenykjen. Det går og fint å gå på Trollenykjen på truger.

Adkomst med egen bil

Om ein er i Eid sentrum kan ein køyre, sykle, eller gå i retning Lote.PARKERING:Parker ved Eid stadion og følg hovudvegen mot Lote, gå ca 100m før du møter på skogsvegen der turen startar.

Annonse

on the path