Gaukås ligg i nærleiken av løypa som gjeng mellom Hovstøyl og Nystøyl og ikkje langt unna Torsdalsbu, som også er eit fint utgangspunkt for toppturen.
Noko av turen gjeng langsmed turistforeninga si merka løype. Med sine 1048 m.o.h. er Gaukås det niande høgste fjellet i Fyresdal. Ein fylgjer den raudmerka turistvegen eit par km. Tak deretter til høgre ved skilt. Herifrå og opp er det merka veg med blå farge. Det er jamn fin stigning mot toppen.
Det høgste punktet er på heile 1048 m.o.h. Det er over tregrensa og er eit fantastisk utsiktspunkt. Kasse med bok er mura inn i den spisse varden på toppen.