Skrott

Publisert av: Bergen og Hordaland Turlag
Følg vegen, som er stengt med bom, eit stykke vidare innover til du kjem til elva Kjølo. Her skal du opp til høgre. Følg umerka sti oppover fyrst i tett skog, seinare i meir open lauvskog. Om lag i det du passerer skoggrensa kjem du til Håsete. Her fortset stien til Skrott oppover til venstre. Det går fortsatt bratt oppover, men utsikta vert stadig betre. På om lag 1100 moh treff du stidelet til hyttene på Breidablikk. Her skal du halde til høgre forbi ei hytte. Etter hytta er det nokre vardar og stien visar innimellom. Du skal rett opp frå hytta før du dreier mot høgre og fylgjer ei hylle utover før du rundar og går mot ein stor varde som står på eit utsiktspunkt litt under sjølve toppen. Så mot varde som markerer sjølve toppen på Skrott.


Utsikten er verdt å nyta fleire stader på veg opp, og ved nedste varden har du panoramautsikt mot Øystese, Hardangerfjorden, Torefjell og Folgefonna. På sjølve toppen ser du meir av fjellområdet rundt Hamlagrø og på austsida av Fyksesund samt Ålvikfjella.


Etter å ha vore på Skrott kan du ta same vegen nedatt, eller du kan gå ned på nordaustsida, over Glynt og ned til hytteanlegget Breidablikk, som er vel verdt ein tur i seg sjølv. Du kjem tilbake til stien til Fitjadalen ved å gå sørover, varda. Alternativt ta deg ned i Fugladalen og derfrå fylgja T merka rute nedover dalføret til Fitjadalsvatnet.


Turen er primært ein fottur. Som skitur går nokre stader så bratt at kunnskap om skredfare er nødvendig.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Øystese med bil eller buss. Derfrå til Fitjadalen – i rundkøyringa tek du av opp mellom butikkane og til høgre i fyrste krysset etter parkeringsplassane, seinare; følg skilt til Fitjadalsvegen. Køyr opp og langs vatnet. Parkering i øvste enden av Fitjadalsvatnet.

Bergen og Hordaland Turlag