Fra Kjørnescamping til Hesteggi (907 moh). Turen er 6 km og 900 høydemeter.
Det er også mulig å starte turen fra parkering på Kjørnesfeltet. Herfra er turen 3,5 km ein veg og 700 høgdemeter.
Turen er merka frå utkøyrsle like før toppen av Kjørnesfeltet. Følg stien til Jeiskedalen. Der er det skilta mot Hesteggi. Fyrst god sti opp til skogsveg. Ta til venstre og føl vegen om lag 500 m., til sti som tek av ved nytt skilt til Hesteggi. Deretter vekslande, litt brattlendt opp til varde på toppen. Markeringa i kartet er gjort på skjønn og ikkje etter GPS måling.