Hjølmaberget - Vivelid/Valurfossen - Hjølmaberget

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 16,9 km
  • 3 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 577 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - sep
Dette er ein flott tur inn mot den populære Veigdalen.

Du tek av mot Hjølmo i Øvre Eidfjord, og følger denne vegen (ikkje eigna for køyretøy med lengde over 6 meter) ca 10 km i den dramatiske naturen, som gjer køyreturen opp til ei oppleving i seg sjølv. På vegen opp ser du Vedalsfossen på høgre side. Parker på den øvste parkeringsplassen på Hjølmaberget (ved Berdølo)og følg merka sti til Vivelid ca 1,5 timar.

Du kan gå same vegen tilbake til parkeringsplassen, eller gå frå Vivelid tilbake via Valurfossen som styrtar seg 272 meter ned mot Hjølmadalen (delvis umerka sti), då brukar du litt lengre tid.

Adkomst med egen bil

Du tek av mot Hjølmo i Øvre Eidfjord, og følger denne vegen (ikkje eigna for køyretøy med lengde over 6 meter) ca 10 km.
Annonse