Start frå Indre Åsnes og følg skilting til parkeringsplass. Jamn stigning på skogsveg og kort sti til Arsteinstølen, vidare på sti langs ein rande til Arsteinheia. Fin og tørr sti sørover til Gravarstien, ein kort og litt bratt nedstigning før Nigardstølen der stien snur mot nord att i hellinga mot vest.