Denne turen krev kunnskap om ferdsel i vinterfjellet. Tileign deg nødvendig kunnskap og oppdater deg på vær- og skredforhold før du startar turen. Ferdsel på eige ansvar.
Skituren frå Årdal i Jølster via Longevasshytta til Nes innst i Naustdal er ein klassikar som står på programmet til Indre Sunndfjord turlag på palmesøndag kvart år. Det er ein lang, men ikkje altfor krevjande tur, sjølv om starten med oppstiginga fra Legestølen til Såta og Stigsvatnet kan vere utfordrande nok. Her er feller under skia påkrevd, og dei steile fjella på kvar side gjer dalen rasutsett. Rasa her kan krysse dalen, så her må ein ha god kunnskap om ferdsel i vinterfjellet og/eller forhøyre seg med lokale.
Vel oppe ved Stigsvatnet flater terrenget ut, og fellene kan takast av skia. Resten av turen går på vatne eller i lett, småkupert terreng. Her må ein forsikre seg om at isen er trygg, og vise respekt for elver og bekkar som kan gje djupe søkk i snøen, særskilt på våren. Hugs å halde god avstand til kantane.
Etter å ha kryssa Stigsvatnet dreier løypa vestover ved Kupa og snart er du ved Longevasshytta, ei sjølvbetent hytte tilhøyrande Indre Sunnfjord turlag. Hytta er open heile året, så her kan du leggje inn ein overnatting om du vil.
Vidare går løypa rett over langevatna før den slynger seg i lette utforkøyringar nedover mot Vonavatnet. Etter å ha kryssa vatnet kjem ein til hytta til Naustdal Raude Kors. Vidare på ubrøyta veg ned til rydda parkeringsplass på Nes.
Tidsbruk er oppgitt utan pausar, på fellestur med IST brukar vi 8-9 timar.