Gå frå kyrkje til kyrkje, på Allmenningsvegen. Turen er litt over 16. kilometer og tek deg effektivt om lag 3 ½. time. Ta rutebussen som går frå Hjeltnes (Ulvik) kl. 10.30, byt buss i Granvin mot Voss og gå av på busstoppen like etter kyrkja.
Starten er ved busstoppet ved Granvin kyrkje, ta vegen opp til høgre (Skrivarvegen), garden ein går forbi heiter Lillegraven. I vegskilet tar ein til høgre og fyljer fylkesvegen til skilta Velkje og Vindal. Fortsett rett fram og oppover, ein finn skiltet med Ulvik på venstre sida. På vegen oppover får ein utsyn over Granvinsvatnet, og oppover mot Vassenden. Etter garden på Vindal, flatar det ut og ein tar vegen til høgre over ferista, Her ser ein igjen skiltet mot Ulvik.
Fylj denne grusvegen til ein kjem til parkeringsplassen på Strindeskleiv, fortsett oppover, og ta så til venstre opp traktorvegen som går her. OBS over berga her kan det vera sleip og mykje vatn etter regn. På toppen kan ein pusta ut før ein fortsett mot Litlastøl.
Vegen innover til Litlastøl og vidare mot Vatnasete er lett og gå.
Dette var ferdselsvegen mellom Granvin og Ulvik til 1901. Prestane som budde i Ulvik, hadde mange strevsame turar over fjellet. Ved Prestjuklane miste ein av dei livet i eit jukleskred på 1700-talet. Fleire døydde etter å ha streva i snøen med hest og slede eller på hesteryggen.
Vatnaset, ligg flott til i enden av Vatnasetvatnet på omlag 480 m.o.h. Om sumrane kan det vera kyr, hest og sauer her.
Vegen vidare går opp over Bekkjadalen og opp til Angelskleiv, her ligg grensa mellom tidlegare Granvin herad (no Voss herad) og Ulvik. Den er merka med skilt.
Omlag 500m etter "grensa" kjem ein til eit vegskilje, tar ein til venstre kjem ein til Skitnasete. Der i frå kan ein fylja grusvegen ned til Byrse. Eller ein fortsetter ned over til Furesete. Dette er av dei største stølsbola i Ulvik, men er kun nytta til fritidsbudstader.
Frå Furesete fyljer ein traktorvegen vidare nedover, på høgre side finn ein ein flott rasteplass like ved ein foss (Nepetræe) Her er det godt å nyta roen, før ein fortsette nedover
Fylgja vegen nedover forbi Undeland gard, og ut på fylkesvegen. Fortsett på denne ned til kyrkja