Frå fylkesvegen tar ein opp Nesheimsvegen, fyl denne til du kjem til ein skogsveg som går opp til høgre, dette er før ein kjem fram til gardshusa på Nesheim. Det er oppå plassen her ein kan parkera.
Fylj skogsvegen oppover, bratt opp over og husk å late at alle grinder. Etter ein liten halvtime er du framme på Åsheim, ein fråflytta gard med flott utsikt over fjorden.
Vidare går vegen opp mot Grønskaol. Skogsvegen tek slutt, og du går over på ein liten sti som fører fram til eit gammalt lite hus. Du er framme på Grønskaol. Der heng postkasse med gjestebok og informasjon. – Men du skal vidare til Øvstestølen! Det er ein grei sti oppover med mange små kneikar som kjennest i beina. Framme på Øvstestølen ser du utover fjordarmane i enden av Hardangerfjorden. Her kvilte budeiene blikket etter ein travel arbeidsdag.
Vegen ned er den samme som ein gjekk opp.