Frå parkeringa ved Stokksel tar ein opp til venstre på vegen, forbi nokre hytter før ein går inn på stien.
Stien er grei å fylgja. Du går langs bekken og kryssar han lenger oppe på flata. Turen inn er fin å gå for born.
På stølshuset som ligg for seg sjølv finn ein turbok-kassa.