Rundtur til Skageneset frå Manger

Publisert av: Alver kommune
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    6,3 km
    1 time, 45 minutter
  • Sesong
    Hele året

Rundtur i lett terreng frå på Manger. Turen går innom friluftsområdet på Skageneset.

Skageneset er eit tidlegare småbruk som vart sikra som offentleg friluftsområde i 1982. Friluftsområdet er på 50 daa og omfattar våningshus, uthus, jordkjellar, naust og kai. Her er gamal innmark, granskog, spreidd småskog og strandline med svaberg. Ytst på neset er det ein grunn poll med sandbotn som høver godt til bading. Småbruket i Skagenset var nytta til å gøyma flyktningar som skulle vidare over nordsjøen under andre verdskrig. Det er reist bauta på staden for å minna krigshendingane.

Turen går gjennom Mangersmarka, på det som tidlegare var hovudvegen frå Manger mot Birkeland og gardane lenger nord. Følg skilting mot Skageneset. På vegen attende kan ein gå til høgre i det siste skiltkrysset ein passerte på vegen utover. Då vil ein få flott utsikt mot øyene Flone og Toska. Denne stien treff hovudvegen mot Toska ved Urhaug. Følj hovudvegen attende til Manger.

Turen er lett å gå, og spanande for både store og små.

I 2020 er Skageneset med i Stolpejakten i Alver. Stolpen står plassert heilt nord på neset. Følg sti nordover frå våningshuset, inn i skogen og vidare til Skageneshola. Les meir om Stolpejakten på www.stolpejakten.no og www.knarvikmila.no.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Dersom ein kjem køyrande, kan bilen parkerast i Manger senter, like ved kommunehuset. Følj bilvegen mot Toska ned den første bakken, der stien mot Skageneset tar av. Næraste busstopp er på Manger.
Annonse