Topptur på ski til Akslene / Nautefjellet 724 moh

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende skitur
  • 5,2 km
  • 2 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 318 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Akslene har fin utsikt til Devika, ut fjorden og Lote/Anda-området. Går du eit lite stykke får du utsikt mot Gloppefjorden, Sandane og fjella med breen i det fjerne.

Inntegna rute er gått på ski, ein flott vårskitur, som er forholdsvis lett. Det er saga ned greiner/tre, så ein kan sjå traseen enkelte plassar iallfall. 

Turen er og ein fin fottur, men der kan vere enkelte våte parti. Når du går på føtene er det finaste å gå gjennom støylen på sti ned til vatnet, og då forset du på stien vidare. Hestenesstøylen ligg fint til, med Støylsvatnet som ein fin pauseplass.

Ynskjer du å ta dette som ein fottur, kan du gå tilnærma same ruta. Her er ikkje skilta/merka, men er greitt å finne fram ved å bruke sporet.

Du tar av frå skogsvegen der kraftlinja og skogsvegen deler seg.

Turen tar ca 1 time ein veg.

Adkomst med egen bil

Der er bilveg til Hestenesstøylen. (Kjem du ifrå Sandane tar du av på Hestenes, ved buss-stoppet og køyrer opp i bygda til bompengekassa.)

Annonse