Ein nydelig tur med flott utsikt heile vegen!
Frå parkeringsplassen i Traudalen følgjer ein ikkje skogsvegen mot Traudalsvatnet, men tek i staden enkel traktorveg rett fram oppover lia over eit nedfelt tre som ligg over stien. Etter ei lita stund ser ein skilteting som ein følger til venstre på sti som oppover ryggen og gjennom skogen. Etter eit myrparti om lag i skoggrensa går stien bratt rett oppover til Berdalseggja.
Turen er merka i 2013.
Dette er også eit godt utgangspunkt for lengre umerka turar vidare i relativt lett og oversiktleg turterreng for eksempel til Reinekallen eller Eikeneshesten.