Vær og føremeldinger varierer mye. Kart og kompass anbefales, merking kan forsvinne under snø og i tåke. Sjekk aktuelle føremeldinger på www.bergenoghordalandturlag.no/føremeldinger før turen.
En liten rundtur fra Vending Turisthytte bringer deg opp på topper og inn i stølsterreng.
Vending Søre Hamlagrø Geitafjell Vending
Gå på T-merka sti mot Søre Hamlagrø. Her er fleire stølar i tillegg til gamalt hotell som hysa fjellgjester tidlegare. Frå Søre Hamlagrø på sti retning Botnen. Ta til høgre i stikryss retning Hovland. Du går fyrst over nokre myrar forbi stølen Myrsete. Mellom Myrsete og Langhaugtjørn tek du av den varda stien og går mot landemerket Botnakjerringa, ein stor stein som kviler ytst på ein rygg nedst i Tulledalen. Vidare opp Tulledalen retning Breidablikk. Ein avstikkar til Geitafjell frå Breidablikk før nedstigning ned Glyntabakkane retning Solheimdalen og Vending. Ca 5 timar.